Country/Viser
Billetter til Storm Weather Chanty Choir
Konserter1 resultater
Konserter i Norge
- 14. februar 2026lørdag kl. 21:00Storm Weather Shanty ChoirOsloSALT, Den Arktiske Hovedscena
Spillested
Om
Storm Weather Shanty Choir levert rå og energiske tolkningar av sjantiar og sjømannssongar i 25 år. Dei går inn i jubileumsåret med uforminska energi!
Den tidlegare seglskutesjømannen Haakon Steinar Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter inspirasjon frå seglskipet Statsraad Lehmkuhl, der han jobba på dekk i fleire år.
Då han vende tilbake til Stord samla han venegjengen, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem, Ronny Sætre og Roald Kaldestad, og danna rockekoret.
Musikalsk famnar Storm Weather Shanty Choir stadig breiare, og dei har blitt kjende som eit fargerikt innslag i både folkemusikk- og rockemiljø. Dei har turnert fleire gonger i Japan, USA og Europa, og her heime har dei spela på festivalar som Vossa Jazz, Den festivalen i Vangen, Trænafestivalen, Tysnesfest, Førdefestivalen, Bergenfest, Folkelarm og by:Larm. I tillegg er dei årvisse gjengangarar med utselde hus i Oslo, Trondheim og Bergen.
Deira inkluderande konsertar er ein garantert publikumsvinnar, og eit friskt pust på alle konsertscenar.