Nettleseren din støttes ikke. For best mulig opplevelse, bruk en av disse nettleserneChrome, Firefox, Safari, Edge
Gå til hovedinnhold

6. - 7. juni, 2025 / Årdalstangen

Billetter til Målrockfestivalen

Line-up


Flere artistslipp kommer...

Arrangementer

1 Kommende arrangementer

Norge

1 Arrangementer

Om

Heilt innerst i Sognefjorden, blant høge fjell og djupe dalar ligg Årdal og Målrock, som har blitt arrangert i august kvart år sidan 2003. Festivalen byr på unik atmosfære og ei herleg helg i Sogn både for lokale og tilreisande gjester. Målrock er ein pop og rock-festival med sterkt fokus på språk og dialekt, med norsk som hovudmål. På Målrock får du oppleve artistar av høg kvalitet innanfor norsk pop og rock. Festivalen har festivalområde i Meieriparken på Årdalstangen, så nær Sognefjorden det er mogleg å komme, og festivalcamp eit steinkast unna.

I Årdal kan ein og få oppleve meir enn berre musikk og festival, Årdal er næraste nabo til Jotunheimen, der store areal av kommunen tilhøyrer Jotunheimen nasjonalpark. Noregs tredje høgaste fjell, Store Skagastølstind, ligg i Årdal og Luster kommune. Om ikkje toppturar fristar er Årdal fullpakka med kortare turar ein enkelt kan ta på eiga hand, mellom anna med Nord-Europas høgste frie fossefall i Vettisfossen, som stuper 273 m rett ned i Utladalen. Om ein er ute etter ei unik oppleving i unike omgjevnader er Målrock verdt eit besøk, og vi kan love at du ikkje vil angre. Festivalen må opplevast!

Sjå heile programmet her