Jazz/Blues
Billetter til Karl Seglem Group
Arrangementer
1 Kommende arrangementer
Norge
1 Arrangementer- 25.01.2025lørdag kl. 18:00ARENDALStudio Spornes TyholmenKarl Seglem Group
Spillested
Om
Med utspring ein stad i det vestnorske landskapet sildrar dikta til Karl Seglem som ei lita å ut i verda. Først lydleg og musikalsk, men med gradvis større vassføring utviklar den seg til ei altoppslukande elv.
Med Mytevegar har Karl Seglem «skapt sitt største verk – eit verk som vil bli ståande lenge. Svært lenge», skreiv Tor Hammerø. No vidareutviklar Seglem prosjektet som hadde urframføring på Oslo Jazzfestival i 2023, og kjem til Studio Spornes Tyholmen med heile sitt fantastiske ensemble.
Mytevegar hentar sin hovudinspirasjon frå myten om Balders død i norrøn mytologi. Karl Seglem sett myten inn i eit øko-filosofisk klimaperspektiv der også eigen poesi inngår.
Med sine over 30 år som plateartist og meir enn 40 album, har Karl Seglem skapt eit heilt eige uttrykk. Med hardingfele som fast instrument i bandet har han ein solid forankring i det urnorske. Som utøvar har han ei eigen stemme: nyskapande og tradisjonsberande. Karl Seglem sitt varierte og nyskapande spel på diverse bukkehorn er også heilt unikt.
“Det er knalltøft, spennende og sammen med diktene, gjør det Mytevegar til en av de beste og viktigste norske platene i hele 2023, uansett sjanger ” - 6 på terningen av Roy Ervin Solstad,Stereo +