MÅLROCK billetter

«Heilt innerst i Sognefjorden, blant høge fjell og djupe dalar ligg Årdal og Målrock, som har blitt arrangert i august kvart år sidan 2003. Festivalen byr på unik atmosfære og ei herleg langhelg i Sogn både for lokale og tilreisande gjester. Målrock er ein pop og rock-festival med sterkt fokus på språk og dialekt, med norsk som hovudmål. På Målrock får du oppleve dei beste artistane innanfor norsk pop og rock, samt nokre handplukka andre artistar. Festivalen har festivalområde i Meieriparken på Årdalstangen, så nær Sognefjorden det er mogleg å komme, og festivalcamp eit steinkast unna. Utanom dei store konsertane i Meieriparken kan ein og oppleve Målrock under Skåri, eit arrangement i Utladalen, med den frodige Utla som næraste nabo, samt stupbratte fjellsider på alle kantar. Under Skåri får ein servert god mat og drikke og akustiske, neddempa konsertar i unike omgivelsar

I Årdal kan ein og få oppleve meir enn berre musikk og festival, Målrock byr og på naturopplevingar. Årdal som bygd er næraste nabo til Jotunheimen, der store areal av kommunen tilhøyrer Jotunheimen nasjonalpark. Festivalen tilbyr eigne campingfasilitetar for deg som er turglad på Utladalen Camping, samt eit eige turprogram med toppturar og padleturar. Om ikkje toppturar fristar er Årdal fullpakka med kortare turar ein enkelt kan ta på eiga hand, mellom anna med Nord-Europas høgste frie fossefall i Vettisfossen, som stuper 273 m rett ned i Utladalen. Om ein er ute etter ei unik oppleving i unike omgivelsar er Målrock verdt eit besøk, og vi kan love at du ikkje vil angre. Sjå heile programmet her: (Link nett/FB) Sjå video til 2016-utgåva: https://www.youtube.com/watch?v=HuIdvq_hkek»

Se hele line-upen her: Offisielle nettsider / Facebook/Målrock

Målrock er en festival i nydelige omgivelser. Det må oppleves!

beklager, ingen treff for 'MÅLROCK'

Vennligst prøv å justere søket eller let etter arrangementene i kategoriene nedenfor.

Søk etter kategori